Vietnam-te
Vi i Tedragen er stolta av å kunne presentere god te frå Vietnam! I fyrste omgang har vi smaka oss fram til tre favorittar: Ein grøn te frå Thai Ngyen, det mest kjende te-området i Vietnam, ein nydeleg oolong i Taiwansk stil frå Bao Loc, og ein kraftig raud (svart) te frå Tay Con Linh-fjellet på grensa til Kina. Lokasjonene er merka av i kartet over. Vi håpar de vil like desse teane like godt som oss! Teane får du i lausvekt hjå Råvarene i Bergen.
Grøn te frå Tân Cương
Thai Nguyen er det mest kjente te-området i Vietnam, og vi tør påstå at denne teen den verkeleg klassiske Vietnamesiske teen. Blada er handplukka sumaren 2016, og bortsett frå ristinga som er gjort maskinelt, er teen prosessert for hand.
Når du skal trekkje denne teen, tilrår vi at du brukar 80 grader vatn, 3 gram til 3 dl vatn, og at du trekkjer teen i 90 sekunder til 2 minutt.
Oolong frå Bảo Lộc
Denne teen er av kultivaren Si-Ji (Four Seasons) som er klona frå Taiwan, og har vore dyrka i Bao Loc i Lam Dong-provinsen dei siste 20 åra. Den er handplukka i juli 2016 og skånsomt prosessert med maskiner av firmaet Vina Suzuki.
Du kan trekkje den med kokande vatn i gong-fu stil der du brukar 3-5 gram te pr 3 dl vatn og startar med 30 sekund på første trekking og deretter legg til 5-10 på dei neste trekkingane, eller du kan bruke 2 gram pr 3 dl og trekkje i 3 minutt.
Raud te frå Tay Con Linh
Denne teen kjem frå fjellområdet Tay Con Linh i Ha Giang-provinsen. Området er like ved grensa til Kina. Teen er frå gamle frittveksande tre, og er handplukka i juli 2016, ein knopp og eit blad. Temeisteren heiter Javico og heldt til i Ha Giang. Prosesseringa vert gjort delvis for hand.
Denne toler kokande vatn. Du kan trekkje den i gong-fu stil der du brukar 3-5 gram te pr 3 dl vatn og startar med 30 sekund på første trekking og deretter legg til 5-10 på dei neste trekkingane, eller du kan bruke 2 gram pr 3 dl og trekkje i 2-3 minutt.