Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

LitTEratur: Tea - A User's guide av Tony Gebely

litteratur teabook tebok tony gebely vitskap

Det er ikkje så lett å setje seg inn i noko nytt. Dette gjeldt i høg grad te, ein drikk med ein histore på fleire tusen år. Det fins tallause historier og myter frå Kina rundt te, og det fins om mogeleg enno fleire som i nyare tid synsar om direkte feilinformerer om te på internett. 

Tony Gebely. Kjelde: www.ourhometea.com

Å finne ei kjelde ein stoler på er ikkje lett, sjølv wikipedia har mange direkte feil og manglar. Det gjekk imidlertid ikkje lang tid før fleire av oss i Tedragen fann fram til bloggen World of Tea som er dreve av den unge, men likevel erfrane amerikanaren Tony Gebely.

Spesielt ingeniøren i Tedragen, Thomas, har lagt sin elsk på denne nettsida. Boka gjer det samme som nettsida: Den sit eit skarpt fokus på vitskapen bak teen. Det er litt som Folkeopplysningen på NRK (men utan at nokon som skal dritast ut). 

Den første delen av boka har fokus på sjølve te-planten Camellia Sinensis, med sine undervariantar. Her går vi gjennom kva slags materiale og stoffar det er som fins i teen, kva som skjer med desse stoffene når planten vert oksidert og fermentert, og korleis dette igjen påverkar både smak, lukt og innhald i teen vi drikk. 

Deretter er det prosesseringa av teblada som er fokus, kva ein ynskjer å oppnå og korleis ein får det til gjennom ulike typar prosessering. Det er deretter ein svært god oversikt over hoved te-typar med kjende variantar frå dei landa som kan skilte med størst te-produksjon i verda. 

Diagram som viser korleis dei ulike formene te vert prosessert. Kjelde: World of Tea

Til slutt har ein fokus på korleis ein skal trekkje te. Denne delen er kjemisk fri frå all slags mogeleg krimskrams som ein brukar rundt om kring verda til å trekkje te i, og har kun fokus på vatnkvalitet, mengeforholdet mellom vatn og te, og korleis temperaturen verkar inn på teen ein drikk. Det er og ein oversikt over ulike smaker ein kan finne i te, også kjent som ein smakspalett, som er til nytte når ein skal lage sine eigne te-notater.

Det er ikkje til å legge skjul på at vi i Tedragen er fans av Tony Gebely, og at denne boka kjem til å vera eit referansepunkt for oss i mange år framover er heilt sikkert.  Vi tilrår alle som er interesserte i te til å kjøpe denne boka, som ein kan få både i papirform, i Kindle-utgåve, eller som pdf rett frå World of Tea

 



Eldre postar Nyare postar