Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Dragen har vakna: Ein av dei nye dragane tek ordet.

Tedragen.

Då Tedragen starta opp i 2011 stod eg på utsida. Eg var nyfiken på dette med te. Dragane kjende eg stor sett godt frå før: Nils, som eg har spelt i fleire band med, John som ofte stod bak spakene på miksepulten under konsertar eg har spelt, og Jørgen, som har styrt spakene som ein sann Dupermann under fleire plateinnspelingar eg har vore med på. Og Frode som eg berre kjende som den eksentriske og svært gode bassisten i mellom anna Ungdomskulen.

Desse karane hadde altså tromma saman litt kapital, bestilt eit lite lager med te, og starta opp nettbutikk. Og det var ikke kva som helst te dei hadde fått til landet. Det var ekte kinesisk te, frå den originale kinesiske tekulturen, der det heile starta. Og det var attpåtil kinesisk te av svært høg kvalitet. For ein som aldri har drukke kaffi, og til nød har drukke eit koppar te trekt av posar, var dette svære saker. Verkeleg. Det var som ei heilt ny verd opna seg for meg. Gamle tradisjonar, mytar og nærast magi rundt den eine busken som gjer oss teblad: Camellia Sinesnsis. Camellia Sinensis, Maokong, Taiwan. Bilde: Tarjei A Heggernes.

Camellia Sinensis, Maokong, Taiwan. Bilde: Tarjei A Heggernes.

Det starta med grøn te. Det smakar jo litt høy og gras av grøn te. For den utrente gane. Det som eg imidlertid oppdaga ganske raskt, er at kinesisk te av høg kvalitet har ein smak som ligg nært naturen. Den første posen eg fekk med Long Jing (eller Dragebrønn) var ei openbering. Med passelig trekketid strøyma det ei nøtteaktig, søtleg lukt opp frå koppen, teen smaka like godt som den lukta, og ei kjensle av velvære spreidde seg i kroppen. Kunne dette, som var så godt, i tillegg også vera sunt? Det er nesten for godt til å vera sant.

Etterkvart lærde eg meg å like dei andre slaga te på menyen til Tedragen: Dei kvite som Sølvnåler, dei blå som Tie Guan Yin, Oolong og Da Hong Pao, og det brune jordaktige gullet som var heilt ukjend for meg: Pu-erh. Etter eit år vart nettbutikken til Tedragen lagt ned. Det første som slo meg var: Korleis skal eg no få tak i god te? Det andre var: Kvifor? Som høgskulelektor underviser eg både strategi, marknadsføring og bruk av digitale medier.

Og eg såg at dette var ein gjeng som hadde gjort mykje riktig. Dei hadde ein klar profil, dei hadde ein misjon om å spreie glede og helse gjennom kinesisk te, og på det året dei dreiv nettbutikken klarte dei å skape seg eit solid omdøme. Det er mange som veit, og set pris på, det Tedragen står for. Gjennom å halde Tedans regelmessing, klarte dei og å gje Tedragen ein strek personlegdom, noko som andre bedrifter ofte jobbar lenge og hardt for å få til.

Det var då eg visste at eg skulle bidra. Eg ville hjelpe dragen opp og fram. Det var nærast eit kall. Etter ein prat med dragane var eg inne. John og Nils var dei frå "originalbesetninga" som ville ta dragen vidare (med god støtte frå dei andre dragefedrene), og eg fekk med meg Thomas som den siste dragen.

Eg er som nemnd høgskulelektor og forfattar av boka Digital Forretningsforståelse, og eg ser fram til å bruke mykje stoff frå boka for å sikra god og spanande drift av nettbutikken og dei digitale kanalane til Tedragen. Thomas jobbar i oljebransjen, der han har ansvar for store prosjekt som til dømes bygging av boreplattformar, og har mykje erfaring innan kontraktar, drift og forhandlingar. Han har og jobba mykje i austen, nærare bestemt i Sør-Korea.  

Vi, dei nye dragane, skal tilføre Tedragen forretningstalent og erfaring med forretningsdrift.

Over: Dei nye dragane meiner alvor: Tarjei og Thomas. Foto: Jens K Styve/Sofasatan

For tida jobbar vi med å få på plass dei siste detaljane for å opne opp igjen nettbutikken. Det er mykje som skal på plass, vi håpar å få dette til i midten av desember, eller tidleg neste år. Vi ser fram til å spreie god te og god stemning framover!

 

mvh Tarjei/Tedragen

 

“There is something in the nature of tea that leads us into a world of quiet contemplation of life.” ― Lin YutangThe Importance Of Living



Nyare postar