Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

UTe på tur: Teetä kiertue Helsinki!

brukarutstyr finland gong fu helsinki oolong pu-erh reise tebutikk tereiser tetips ute på tur

To at dragane var i nett i Helsinki ein tur, og som alltid når ein reiser på tur står te på programmet. Vi hadde moderate forventingar til te-opplevingar der, men nærleiken og dei historiske banda til Russland gjorde at vi var trygge på at det skulle gå greit å finne seg ein god kopp te. Vi tok ikke feil! 

Afternoon tea på Salutorget

Dette er eit staseleg bygg med røtter heilt tilbake til det tidlege 1800-talet. No kan ein jo seie mykje om Afternoon Tea, ofte står ikkje te i høgsetet, og det alt for mange søtsaker, men det er likevel ein tradisjon vi likar. Ein kan finne slik ettermiddags-te over heile verda, og det representerer ein pause midt på dagen der ein kan drikke litt te (og gjerne noko musserande vin) og få seg ein matbit. Iallefall kjenner ein her det historiske suset i bygget når ein går inn, og det er riktig så staseleg der inne, ein fin atmosfære. 

Det tradisjonelle tårnet med smårettar.

Det tradisjonelle tårnet med smårettar. Foto: Tedragen

Ein risikerer som sagt at det er mykje parfymert te på eit slikt bordsete, men på Salutorget kunne ein velge mellom Sølvnåler, Den miskunsame jarngudinna (Tie Guan Yin), gunpowder grøn te og Lapsang Souchong, i tillegg til dei meir tradisjonelle britiske variantane. Vi fekk testa alle desse variantane, og dei var slettes ikkje så verst! Tommel opp til Salutorget.

Cafe Moskva  

Ok, er usikker på om denne plassen har te i det heile tatt. Konseptet i denne baren, som er eigd av filmmakaren Kaurismäki er å ta deg tilbake til triste gamle dagar i Russland. Og i dette triste lokalet er du heldig om du vert servert av den svært så sure dama bak baren, så det får vi seie at han lukkast med! Om ikkje anna var det eit par fine samovarar der som ein kunne kikke på (men dei var ikkje i bruk). 

samovar

Staselig samovar på triste/artige Cafe Moskva. Foto: Tedragen

TeeMaa Tehus

Den gode te-opplevinga i Helsinki fekk vi på tehuset og tebutikken TeeMaa. Der har dei eit godt utvalg, med hovudvekta på kinesisk, taiwansk og japansk tradisjonell te. Det var og nokre tear der med urter og krydder, men stablar med puer vitna om at her tek dei te på alvor! Plassen er liten og koseleg, den har sitjeplass til 5-6 personar, og ein kan velge mellom heile det store utvalget når ein skal ha seg ein kopp te der. 

Teemaa

Litt av utvalet på Teemaa. Foto: Tedragen

Ein får teen skikkeleg servert på gongfu-vis. Innehavaren har god greie på te og kan svare på alle spørsmål du måtte ha om teen, og den trekkinga er upåklageleg. Vi fekk smake både Bao Shong, ein nydeleg lett-oksidert oolong frå Taiwan, ein sheng puer, ein GABA oolong og ein raud te i samme gate som våre gyldne knoppar. 

Thomas at Teemaa

Tebord, yixingkanner, gaiwanar, høflegheitsmugger, puer og fleire typar oolong: Thomas er godt nøgd! Foto: Tedragen

Tedragen tilrår denne plassen, og Helsinki generelt! 

Tarjei/Tedragen



Eldre postar Nyare postar