Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Hjarteleg velkomne til ny nettbutikk!

Vyrde kundar, 

Det er ikkje så lett dette med nettbutikk som ein skulle tru.  Tedragen er ein nettbutikk som er driven på pur te-entusiasme, vi legg mykje pengar og arbeid inn for å få te av høgast mogeleg kvalitet fram til dykk, til overkomelege prisar. Vi prøver å legge grunnlaget for ein nettbutikk som på sikt kan tene litt pengar for oss, men som dei fleste nystarta bedrifter kan det ta eit par år å kome så langt. Her er nokre av åre erfaringar og litt om kvifor de no vitjar ei ny nettbutikk:

Vi oppdaga fort at dette med distribusjon var noko som krevde arbeid å få godt til, og det fungerer iallefall ganske bra no. Mattilsynet er sjølvsagt interesserte i at den teen vi sel ikkje skal vera skadeleg for dykk, eit fokus vi har delt frå fyrste stund, og vi tør påstå at vi har opparbeida oss gode rutiner for dette. Å få varene inn i landet er og ei utfordring, og vi kunne ynskje oss at det trollet med dei tre hovuda posten, tollpost og tollen hadde vore lettare å hanskast med, men vi samlar stadig erfaringar der og. 

Så, her kjem litt kjedelege tekniske detaljar rundt byte av nettbutikk. Kortversjonen er at vi har brukt alt for mange ressursar på å finne ut korleis, og å fikse tekniske detaljar i butikken, så vi har no flytta butikken over på ein plattform der alle desse tinga er tatt hand om for oss, og denne plattformen heiter Shopify. For dykk som kundar betyr det at butikken vert kjapp, sikker og at den forhåpentlegvis vert open i all overskueleg framtid, utan større opphald. Vi ynskjer dykk velkomne inn! NB: Det kan hende at ein rabattkode eller to har gått tapt i samband med flyttinga, gje ein lyd dersom du har ein som ikkje fungerer.  

Då vi fekk sett opp nettbutikken brukte vi plattformen Magento Community. Plattformen er såkalla open kjeldekode, noko som betyr at programvara er gratis å bruke, og at den vert vidareutvikla av friviljuge som ikkje tek betalt. Det kan ein sjå på som programmet som driv nettbutikken. Denne programvaren installerast på ein tenarmaskin, og når ein skriv inn nettadressa vert då sendt til tenarmaskina og får vist nettbutikken i nettlesaren. I vårt tilfelle var det eit firma som heiter Domeneshop som hadde tenarmaskina for oss, så det var der nettbutikk-programmet vart installert. 

Dette gjekk jo fint ei stund. Men som dei fleste kjenner til må programvare med jamne mellomrom oppdaterast. Pc'en eller mobiltelefonen din mottek gjerne slike oppdateringar, slår seg av, installerer oppdateringa og slår seg på igjen ferdig for bruk. Slik er det ikkje med programvare til nettbutikkar. Der må ein vite kva ein driv på med, og i og med at dette er open kjeldekode har ein heller ingen garanti for at ting vil fungere etter oppdateringa, ein står i fare for (sjølv om det skjeldan skjer) å miste informasjon og funksjonalitet etter oppdatering. Det er og ein relativt komplisert operasjon, iallefall dersom ein ikkje jobbar med det til dagen. 

Oppdateringar har ofte som formål å gjere programma tryggare. Diverre er det slik no til dags at alle dataprogram, små og store, er utsette for angrep. Nokon angrip dataprogram fordi dei kan og gjer gjerne beskjed om svakheiter til skaparen av programmet, nokon gjer det fordi dei likar å gjere ska, og andre igjen gjer dette for å skaffe seg finansiell gevinst. Denne gevinsten kan dei skaffe seg ved å stele opplysingar som e-postadresser, passord og kredittkortnummer. Dei kan og skaffe seg gevinstar ved å infisere maskiner med små program som går til nettpoker-sider og blakkar nybegynnarar. Andre igjen tek kontroll over nettsider for å krevje løysepengar hjå eigaren for å ikkje øydelegge eller stenge ned nettsida, og nokon hackar nettsider for seinare å tilby hjelp med på fikse opp sidene, og dermed tenar pengar på det. 

Vi har sjølvsagt oppdatert butikken i tråd med tilrådingar og jobba mykje tryggleik på denne, men den siste tida oppdaga vi slik aktivitet fleire gonger på sidene våre. Vi stengde då ned sidene med tanke på tryggleiken til kundene, altså dykkar tryggleik. Dersom å lese dette uroar deg, kan vi forsikre deg at ingen kunder har litt nokon fare av dette. Vi lagrar ikkje kredittkortopplysingar, og når vi no opnar vil alle kundar sette nytt passord. Dei store taparane er diverre oss, vi har brukt over 100 timar for å finne ut av feila samt å sette opp den nye butikken. Når butikken er stengt har vi kun kostnader og ingen inntekter, men vi håpar at mange av dykk har klart å vente til vi no opnar igjen med å kjøpe ny te. I tillegg var det ein av dei digitale inbrotstjuvane som klarte å bytte ut paypal-adressa var med si eiga paypal-adresse, slik at det gjekk nokre tusen bort der og. Kundene dette gjeld har fått beskjed, og har fått varene dei har betalt for.

Når eg skriv dette ser eg at det ser svært så slitsamt ut. Men vi kan love dykk at vi er ved godt mot, og ser positivt på framtida med den nye nettbutikken på den nye plattforma Shopify. No slepp vi uroe oss for, og bruke tid på oppdateringar og tryggleik då dette er inkludert i avtalen vår med dei. Vi kjenner oss trygge på denne plattformen saman med dei andre 243 000 butikkane verda over som har vald denne plattformen. De vil kanskje og legge merke til at de vert sendt vidare til www.tedragen.com når de skriv inn www.tedragen.no, det er på grunn av at det gjekk kjappare å få sertifikat på krypteringsprotokollen SSL på eit .com-domene enn på .no, antagelegvis fordi plattformen heldt til i USA. 

Oppsummert: Vi har ein ny, trygg og kjappare nettbutikk som no er open for handel. Vi ynskjer dykk alle velkomne tilbake, og håpar at vi får bruke meir tid på te enn data framover.

Og, sa vi at det snart kjem japansk te i nettbutikken? Vi gler oss!

Mvh Tarjei/Tedragen 



Eldre postar Nyare postar