News — om te
Tetips: Iste!
dancong iced tea iste long jing om te oolong tetips wudong milangxiang
Om sumaren er det godt med kald drikke. Sjølv om varm drikke under nokre høve kan kjøle kroppen meir ned en kald drikke, og ein taiwansk te-bonde har fortalt meg at ein alltid skal drikke varm te, uansett årstid, likar vi dragane å kjøle oss ned om sumaren med kald te. Det fins sjølvsagt ulike variantar å kjøpe i butikken, som Tine sin IsTe, Nestea etc, men desse er stort sett sukkerlake med tilsett te-farge. Vi meiner at den beste isteen lagar ein sjølv, og då av gode teblad. Her kjem eit par metodar vi har prøvd ut, og som funkar:...
TEtips: Brukarutstyr
De som allereie sverjar til å nyte te frå lause blad har nok allereie funne dykkar favorittar innan korleis de trekkjer teane. For dykk andre som tenkjer på å starte med å trekkje utanfor posen: Her er nokre tips. Det treng ikkje vera komplisert! Det viktegaste er at teen har rom til å utfalde seg, kor du enn vel å trekkje den. Nokon likar "klypene" eller "kulene" som ein kan få tak i overalt. Vi vil ikkje tilrå desse, nettopp fordi at teen då ikkje får utfalde seg og sleppe fri all den gode smaken slik den burde. Derfor tilrår...