Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

Tetips: Iste!

dancong iced tea iste long jing om te oolong tetips wudong milangxiang

Om sumaren er det godt med kald drikke. Sjølv om varm drikke under nokre høve kan kjøle kroppen meir ned en kald drikke, og ein taiwansk te-bonde har fortalt meg at ein alltid skal drikke varm te, uansett årstid, likar vi dragane å kjøle oss ned om sumaren med kald te. Det fins sjølvsagt ulike variantar å kjøpe i butikken, som Tine sin IsTe, Nestea etc, men desse er stort sett sukkerlake med tilsett te-farge. Vi meiner at den beste isteen lagar ein sjølv, og då av gode teblad. Her kjem eit par metodar vi har prøvd ut, og som funkar:

1. Lag te, tilsett isbitar.

Iste av Long Jing grøn te, laga i teflaske. Biletet er teke på den Dominikanske Republikk. Foto: Tedragen.

Metoden er å trekke te med varmt vatn, men ein brukar litt meir te enn ved vanleg trekking for å kompensere for vatnet som kjem etterkvart som isbitane smeltar. Ein kan og kompensere for dette ved å lage isbitar av den same teen på førehand. På biletet er teen Dragebrønn brukt, saman med teflaska som er svært populær i nettbutikken vår.

2. Kaldtrekking
Kaldtrekking av Long Jing i Malaysia.
Kaldtrekt iste av Long Jing, laga i teflaske. Biletet er teke på Tioman, Malaysia. Foto: Tedragen

Ein kan fint trekkje te i kaldt vatn. Akkurat denne teen brukte eg 2 g te (dragebrønn)til 2 dl vatn, sette flaska i kjøleskapet og tok den ut etter ca ein times tid. Når ein trekkjer med kalt vatn treng ein ikkje uroe seg for at teen vert bitter, og det går og an å trekke same blada fleire gonger. Dei som allereie har teflaska ser sikkert her at eg har lagt teen i den største delen av flaska i staden for den minste delen som er vanleg når ein trekkjer teen varm.

3. Langtrekking

Dersom ein vil utnytte blada bedre, og har god tid, er ein god metode å langtrekkje blada. Her har vi brukt vår Frittståande Stamme Oolong, som funkar svært bra til iste. Skyll blada i ca 10 sekund i 98 graders vatn, slik at dei får opne seg litt. Vi brukte 5 gram te til 2 liter (!) vatn, og trekketida kan gjerne vera 5-6 timar, eller over natta i kjøleskapet. Det er heilt utruleg kor mykje smak ein kan få av så lite blad! Med dette ynskjer vi dykk alle ein forstsett god sumar. Og dersom du har andre gode triks for å laga isté, del gjerne med oss i kommetarfeltet, på Facebook, Twitter eller Instagram.   Tarjei/Tedragen


Eldre postar Nyare postar