Hjarteleg velkomne til Tedragen!
Handlekorg 0

UTe på tur: Riga

da hong pao gong fu oolong reise riga tereiser ute på tur

Dragane likar å reise - og det trur vi du gjer og. Mange som reiser likar gjerne å vite om ein god bar eller ein god restaurant på den plassen dei skal reise til. Vi likar gjerne å finne gode plassar der ein kan drikke litt te, oppleve litt tekultur og gjerne kjøpe litt te og. I serien "Ute på tur" ser vi på kor ein kan finne te i ulike byar rundtom i verda. Fyrst ut er Riga.

RIGA:

Riga er ein koseleg by. Den har ein koseleg gamleby, men dersom ein går litt utafor gamlebyen kan ein finne enno fleire koselege plassar. Latvia var tidlegare ein del av Sovietunionen, og der har te tradisjonelt sett stått sterkt. Teen ein trekkjer  i Russland er som regel kinesisk eller indisk, og ein bryggjer helst på lause blad. Den kinesiske te-tradisjonen står difor sterkt  i austblokklanda, og ein kan finne gode te-hus med mange ulike typar te.

Illuseum Tea Room

20-30 min spasertur nord for gamlebyen finn ein Miera Iela. Ei artig lita gate med små kaféar og bruktsjappar, og i nr 19 finn ein altså Illuseum (sjå kart her). Dei har godt utval i te, både for å drikke  og for å ta med heim, samt god kunnskap om te. Plassen er totalt hippie - det er bygd opp eit nivå i den bakerste delen av lokalet der ein kan ta av seg skoa, klatre opp, sitje på putar og få servert te. Plassen har og eit godt utval av meir eller mindre alternative bøker ein kan kike litt i medan ein sit der.

Illuseum Tehus, Riga

Ein god kopp grøn te (hugsar ikkje kva type det var) på hippie-platået. Foto: Tedragen

Aspara Tea House

Litt mindre bortgøymd ligg Aspara sine te-hus. I parkanlegga like nord-aust for gamlebyen finn du to stykker: eit her og eit her. Kanskje ein smule meir kommerst enn Illuseum, men god utsikt over parken, og putar på golvet til å nyte teen på gjer at dette er milevis unna Starbucks og liknande (men ikkje ver redde, dei har wifi!). Alle dei klassiske kinesiske teane er representerte på menyen, samt ein del anna te i lausvekt, både med og utan tilsett smak. Eg fekk meg ein god Da Hong Pao der, servert på ein upåklageleg måte.

Aspera tehus, Riga

To gode koppar med Da Hong Pao, servert på Aspera i Riga. Foto: Tedragen.

Aspera Te-hus

Te-huset: 1.etg med disk og vanlege bord, 2.etg med putar og flott utsikt til Esplanade-parken. Foto: Tedragen.

At te står sterkt gjer at ein kan få god te og på mange vanlege kafear, og fleire opererer med eigen te-meny. Ellers er det for tida rimeleg å kome seg til Riga, mellom anna med Wizz Air. Tedragen tilrår Riga.

Kjenner du til fleire kafear der du vil tilrå? Del gjerne i kommentarfeltet, på Facebook eller på Twitter.

mvh Tarjei/Tedragen



Eldre postar Nyare postar